(20. januar: Når gode råd er gratis)
Det hender faren min stikk innom
for å hjelpe
eg får ikkje start, pappa, seier eg, batteriet
er flatt. Da får vi finne ein liten unnabakke
og skuve deg i gang, legge kreftene til
og kickstarte deg
av og til kjem eg ikkje opp kneika,
står berre og spinn
du får ta av deg jakka, seier han,
og legge den under drivhjula, men da
riv piggane hol i den
kva er viktigast, at jakka di er heil
eller at du kjem deg opp
og over kneika, seier han
og når det hender at bremsene sviktar
og nakkemusklane verker og eg føler
at eg ikkje greier svingen i botnen
av bakken seier han du må tvangsgire ned
ned, seier eg, det går til helvete, ja,
ja, seier han, det kan så vera men
du er gammal nok no
til å lytte til gode råd
du må hugse eg døydde
av kreft i åttini.
Det hender faren min stikk innom
for å hjelpe
eg får ikkje start, pappa, seier eg, batteriet
er flatt. Da får vi finne ein liten unnabakke
og skuve deg i gang, legge kreftene til
og kickstarte deg
av og til kjem eg ikkje opp kneika,
står berre og spinn
du får ta av deg jakka, seier han,
og legge den under drivhjula, men da
riv piggane hol i den
kva er viktigast, at jakka di er heil
eller at du kjem deg opp
og over kneika, seier han
og når det hender at bremsene sviktar
og nakkemusklane verker og eg føler
at eg ikkje greier svingen i botnen
av bakken seier han du må tvangsgire ned
ned, seier eg, det går til helvete, ja,
ja, seier han, det kan så vera men
du er gammal nok no
til å lytte til gode råd
du må hugse eg døydde
av kreft i åttini.
Like :))
SvarSlettFaren min betød veldig mye for meg. Sjøl om han døde av kreft, har jeg bare gode drømmer om han, for jeg fikk følge han heile veien gjennom sjukdommen til han døde.
SvarSlett