(17. januar: Om måne & roser)
I
Nymånen skjer morgonkvisten
av furuene oppe på åsen
før han tar dagen.
Kvass, men matt i eggen
gir han for dårleg lys
på morgonstien min. Det er
som ellers i livet,
eg får heller tenne hodelykta
og skrive eit dikt.
II
Hvite roser fra Athen var ein gjengangar
i Ønskekonserten i barndommen min.
Seinare song vi den i Theodorakisforstillinga
på samfunnshuset, eit lokale
eg forbind meir med slagsmål og blåveisar
enn kvite roser, og seinare
flytta eldstesonen vår til Athen
og da vi besøkte han fann vi rikeleg
med kvite marmorfliser, men ingen roser
og var nøgde med mandeltre og olivenlundar.
I blomsterbutikken har dei roser
i alle fargar og sjatteringar
men det er kanskje ikkje tilfeldig
at eg troppar opp på kirurgisk avdeling tre
med ein stor bukett kvite roser
frå Mester Grønn.
I
Nymånen skjer morgonkvisten
av furuene oppe på åsen
før han tar dagen.
Kvass, men matt i eggen
gir han for dårleg lys
på morgonstien min. Det er
som ellers i livet,
eg får heller tenne hodelykta
og skrive eit dikt.
II
Hvite roser fra Athen var ein gjengangar
i Ønskekonserten i barndommen min.
Seinare song vi den i Theodorakisforstillinga
på samfunnshuset, eit lokale
eg forbind meir med slagsmål og blåveisar
enn kvite roser, og seinare
flytta eldstesonen vår til Athen
og da vi besøkte han fann vi rikeleg
med kvite marmorfliser, men ingen roser
og var nøgde med mandeltre og olivenlundar.
I blomsterbutikken har dei roser
i alle fargar og sjatteringar
men det er kanskje ikkje tilfeldig
at eg troppar opp på kirurgisk avdeling tre
med ein stor bukett kvite roser
frå Mester Grønn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar