(16. januar: Ving skøyter, modell Ballangrud)
Nå, nei, han får ikkje tak
på meg, no heller,
den svarte botnen.
Det er blank nyis
og eg glir med kvasse skøytejern
på verseføttene over det stinkande
slammet, det rotnande dynnet, den sugande
gjørma og søkkestokkane
med dei slimete beingrindene sine
og eg veit kvar råka er
og eg veit kvar straumålen går
og eg glir over åthola
i suveren forakt
og eleganse.
CRP'en
er
på
veg
ned
og vi glir trygt inn
på den gråkvite gammelisen,
livet og eg, snublar litt
i ruglene, men kjem oss velberga
i land.
Nå, nei, han får ikkje tak
på meg, no heller,
den svarte botnen.
Det er blank nyis
og eg glir med kvasse skøytejern
på verseføttene over det stinkande
slammet, det rotnande dynnet, den sugande
gjørma og søkkestokkane
med dei slimete beingrindene sine
og eg veit kvar råka er
og eg veit kvar straumålen går
og eg glir over åthola
i suveren forakt
og eleganse.
CRP'en
er
på
veg
ned
og vi glir trygt inn
på den gråkvite gammelisen,
livet og eg, snublar litt
i ruglene, men kjem oss velberga
i land.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar