(7. januar: Til Dr. G. Ernst rørande samfunnsrekneskapen)
I dag har eg berre etthundreogseksti
kilometer å kjøre,
sist var det tohundreogførti og gangen før det
var det trehundreogførti kilometer,
men da var det sommar.
No er det vinter og isete.
Dei snakkar lite om dei pårørande
når dei diskuterer sjukehustilbod, vi
som ikkje har rett på fri
frå jobben, men må kjøre langt
og lenger enn langt,
kvardag som helg, til alle
døgnets tider,
på alle slags vegar og føre.
Vi kjører med hjertet
i halsen fordi det er glatt
og vi ikkje veit kva som ventar oss
når vi kjem fram. Kor alvorleg
er det? Kan vi kjøre roleg heimatt
i dag før vi kjører den samme vegen
i morgon?
Det kjem ikkje fram
i samfunnsrekneskapen kva det kostar
i private bilutgifter og forureining
og tapt produktivitet. Den
rekneskapen inngår ikkje i talla
til sjukehusstyret.
I dag slepp eg med toogeinhalv times kjøring
for å sjå korleis det står til
med ho.
I dag har eg berre etthundreogseksti
kilometer å kjøre,
sist var det tohundreogførti og gangen før det
var det trehundreogførti kilometer,
men da var det sommar.
No er det vinter og isete.
Dei snakkar lite om dei pårørande
når dei diskuterer sjukehustilbod, vi
som ikkje har rett på fri
frå jobben, men må kjøre langt
og lenger enn langt,
kvardag som helg, til alle
døgnets tider,
på alle slags vegar og føre.
Vi kjører med hjertet
i halsen fordi det er glatt
og vi ikkje veit kva som ventar oss
når vi kjem fram. Kor alvorleg
er det? Kan vi kjøre roleg heimatt
i dag før vi kjører den samme vegen
i morgon?
Det kjem ikkje fram
i samfunnsrekneskapen kva det kostar
i private bilutgifter og forureining
og tapt produktivitet. Den
rekneskapen inngår ikkje i talla
til sjukehusstyret.
I dag slepp eg med toogeinhalv times kjøring
for å sjå korleis det står til
med ho.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar