(3. januar: Den første skal bli den siste)
Så reiser den siste
som har vori heime
på juleferie
den gamle "puinn"-trøya mi, sjela
er så morken
og holete at det er så vidt
ho heng saman
ho egnar seg best til pusseklut
eller golvtue
likevel kler eg ho på meg
og hevdar: ho held
lenge enno
den eldste er den siste
som dreg - det er berre
erase
and rewind
Så reiser den siste
som har vori heime
på juleferie
den gamle "puinn"-trøya mi, sjela
er så morken
og holete at det er så vidt
ho heng saman
ho egnar seg best til pusseklut
eller golvtue
likevel kler eg ho på meg
og hevdar: ho held
lenge enno
den eldste er den siste
som dreg - det er berre
erase
and rewind
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar