(31. januar: Morgonmåne (til Marius))
Trøytt morgonmåne på veg heim
frå nattskift. Sigen
subbar han åsen, kan snart
trekke skogen over seg
og sove.
I går kveld sjekka han gjestene inn
på dei respektive romma sine,
nokon hadde tinga i god tid, nokon
kom hastande i siste liten,
nokon kom seg aldri i seng,
for å sove, i det minste. Han
veit det meste og anar
resten for han gjekk rundane sine
natta igjennom
passa på dei med svake hjarte
som skalv i søvnen
og dei med dei sterke
satt bak desken og duppa
før ein og annan telefonen bad
om drikke eller klaga på bråk
så han måtte banke innstendig
på ei dør og be livsgleda
dempe seg.
Trøytt morgonmåne har snudd
døgnet og kan ikkje tenke seg
anna tid.
Trøytt morgonmåne på veg heim
frå nattskift. Sigen
subbar han åsen, kan snart
trekke skogen over seg
og sove.
I går kveld sjekka han gjestene inn
på dei respektive romma sine,
nokon hadde tinga i god tid, nokon
kom hastande i siste liten,
nokon kom seg aldri i seng,
for å sove, i det minste. Han
veit det meste og anar
resten for han gjekk rundane sine
natta igjennom
passa på dei med svake hjarte
som skalv i søvnen
og dei med dei sterke
satt bak desken og duppa
før ein og annan telefonen bad
om drikke eller klaga på bråk
så han måtte banke innstendig
på ei dør og be livsgleda
dempe seg.
Trøytt morgonmåne har snudd
døgnet og kan ikkje tenke seg
anna tid.
Så flott dikt til gutten vår, Marius <3
SvarSlettMånen og Marius har det til felles at de våker om natta og legger seg når dagen kommer.
SvarSlett