Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





søndag 1. januar 2012

366

(1. januar: VONDT ÅR)

1.
Hurra hurra hurra dette
er den første dagen
av eit nytt vondt
år

vi har feira med fyrverkeri
og champagne og godt
nytt år til alle at dette
er eit nytt vondt
år

la tømmermennene gjøre jobben sin
før kirurgane slepper til
for å halde fram der dei slapp
med å seie at dette
blir eit nytt vondt
år

eit skottår med ein ekstra
vond dag eg teller sakte ned
frå trehundreogsekstiseks


2.
Tungt skydekke og lett
snøfall dekker til fjoråret
ser ikkje fjellet ser ikkje
åsane ser ikkje blindholka
ser berre det nærmaste
trærne stien eg går
kvar dag tre rådyr
og eit ekorn har kryssa vegen
min og ytterst på odden møter eg
sporet etter ei einsleg gaupe
og slår følge med faret hennar
tilbake

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar