Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





onsdag 11. januar 2012

356

(11. januar: V for Ventemannen, eller: Etter nok ein dag å ha kjørt i fire timar, 240 km, etter arbeidstid for å vera på sjukebesøk i to timar (ref. visittidene ved kirurgisk avd. III))

Eg er Ventemannen, zombiehelten
som kan vente ut alt og alle,
kongen av Venteromma,
vaktaren av Visittidene,
meisteren av Tolmodet
og guruen av Åndeleg Fråvere.

Eg er i den uendelege tida
med pasienten som ventar på time,
eg er i evigheita ved sida av senga
før ho vaknar av narkosen og mens ho duppar
frå og til av smertestillande
og når ho er nærverande nok
til å be om svar som ikkje kjem
før på dommedag.

Eg er i den andre enden av telefonen
og formidlar verkelegheita vidare, eg er
forbrukaren av infrastrukturen
og er i limbo
når eg kjører mil etter mil til og frå
legetimar, undersøkingar, sjukeleie
og livet mitt
er sett på vent, eg har trykka
på pauseknappen og nyttar hurtigspoling
når eg får eit høve.

Av og til møter eg andre
ventemenn og -kvinner i korridorar og på sjukerom.
Vi kjenner kvarandre på stilla,
roen og det nesten synlege
nærveret. Vi seier fint lite, men nikkar
kanskje til kvarandre og veit
at det berre er vi
som kan vente lenge nok
til å arve jorda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar