(14. januar: All den gamle skiten)
Vinden har herja fælt
med trærne
i det siste
røska laus tørrkvist og dauskot
og skjegglav og tomme
frøkongler
slengt det frå seg
i sporet så det luggar
under skia.
Greit nok i motbakken, da
gir det sikrare feste,
men når den gamle skiten luggar
i unnabakken
er det like før
eg går på trynet.
Det har lugga
for ho, og, i det siste,
men no
renn bakteriane daude
ut gjennom avløpet
og slangane slepper kvelartaket
på ho.
Det blir kjørt opp
eit nytt spor
og all den gamle angsten
og mareritta og tankegodset
blir karva ned i snøen
og gliden
blir berre betre
og betre.
Vinden har herja fælt
med trærne
i det siste
røska laus tørrkvist og dauskot
og skjegglav og tomme
frøkongler
slengt det frå seg
i sporet så det luggar
under skia.
Greit nok i motbakken, da
gir det sikrare feste,
men når den gamle skiten luggar
i unnabakken
er det like før
eg går på trynet.
Det har lugga
for ho, og, i det siste,
men no
renn bakteriane daude
ut gjennom avløpet
og slangane slepper kvelartaket
på ho.
Det blir kjørt opp
eit nytt spor
og all den gamle angsten
og mareritta og tankegodset
blir karva ned i snøen
og gliden
blir berre betre
og betre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar