(28. januar: Etter at det verste er over)
Det såg så sterkt
og friskt ut, dette treet
grønt
i baret, symmetriske
greinkransar, rett
i toppen
det stod både Cato
og Dagmar og Emil av,
men i natt
kom det eit lite
vindgufs
og la det over ende.
Var ikkje budd,
eller var det retninga?
Når eg tenker over det
var det litt mykje tørrkvist
nederst og nordvendt
voks det skjegglav og bladlav
og ulvelav og kartlav og steinlav
og ymse anna.
Eg får hente motorsaga,
det blir god ved
sjølv om det er rote
i margen.
Det såg så sterkt
og friskt ut, dette treet
grønt
i baret, symmetriske
greinkransar, rett
i toppen
det stod både Cato
og Dagmar og Emil av,
men i natt
kom det eit lite
vindgufs
og la det over ende.
Var ikkje budd,
eller var det retninga?
Når eg tenker over det
var det litt mykje tørrkvist
nederst og nordvendt
voks det skjegglav og bladlav
og ulvelav og kartlav og steinlav
og ymse anna.
Eg får hente motorsaga,
det blir god ved
sjølv om det er rote
i margen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar