(25. januar: 20 minus)
Det kvitblåe landskapet
går i seg sjølv,
trekker seg saman
så det er uråd å finne ei åre
å sette ein kanyle i, uråd
å sette våren intravenøst.
Ho sit inne med varme-
pumpa på full guffe, driv
varmen rundt i det vesle kretsløpet
mellom senga og godstolen,
men frys likevel.
Eg går ute i det store kretsløpet
og kikkar opp på den rosa sola
som hutrar på fjelltoppane.
Eg trekker skinnhuva
ned over ørene
og har ikkje mykje varme att.
Eg får halde på den eg har,
til så lenge.
Det kvitblåe landskapet
går i seg sjølv,
trekker seg saman
så det er uråd å finne ei åre
å sette ein kanyle i, uråd
å sette våren intravenøst.
Ho sit inne med varme-
pumpa på full guffe, driv
varmen rundt i det vesle kretsløpet
mellom senga og godstolen,
men frys likevel.
Eg går ute i det store kretsløpet
og kikkar opp på den rosa sola
som hutrar på fjelltoppane.
Eg trekker skinnhuva
ned over ørene
og har ikkje mykje varme att.
Eg får halde på den eg har,
til så lenge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar