Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





tirsdag 10. januar 2012

357

(10. januar: Sånn om morningen...)

Når eg tenker
ein tanke
så kjem ein ny tanke
og skubbar han vekk
og når eg tenker den nye
tanken så kjem enno ein
tanke og skubbar og så
kjem ein tanke og ein tanke
og ein tanke til eg er tom
for tankar og når eg søv
vaknar eg
av at eg drøymer
og når eg sovnar att drøymer eg
og vaknar og sovnar att
og drøymer til eg er tom
for draumar og vaknar

og når eg er vaken
vil eg berre sovne
frå tankane mine
og når eg søv
vil eg berre vakne
frå draumane mine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar