(9. januar: Omskriving med to do)
Ho ligg i senga
eg underviser afghanske flyktningar
med intravenøs antibiotika og væsketilførsel
om det norske skolesystemet
ho ligg på operasjonsbordet
eg spelar innebandy og spring
dei skjer hol og tømmer ho for våg og verk
som ein tulling etter ein liten ball
ho ringer meg, sliten, men
eg luftar den dansande hunden
operasjonen har vori vellykka
løftar føttene litt høgare, eg og.
Ho ligg i senga
eg underviser afghanske flyktningar
med intravenøs antibiotika og væsketilførsel
om det norske skolesystemet
ho ligg på operasjonsbordet
eg spelar innebandy og spring
dei skjer hol og tømmer ho for våg og verk
som ein tulling etter ein liten ball
ho ringer meg, sliten, men
eg luftar den dansande hunden
operasjonen har vori vellykka
løftar føttene litt høgare, eg og.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar