Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





onsdag 4. januar 2012

363

(4. januar: Hey, hey, I saved the world today)

Ho har kasta opp i heile natt.
I går kom ho heim frå sjukehuset
og sidan har ho kasta opp, brekt
seg, vrengt magen for edder og galle
og krypi skjelvande til sengs att.

Ingen av oss har sovi stort
og alt eg kan hjelpe ho med
er å pakke dynene godt rundt ho og gi ho
eit glas vatn som ho slepper i golvet
så glasbrotta spreier seg ut over golvet, store
og ufarleg og små, sylskarpe taggar
som bit meg i fingertuppane.

Hey, hey, syng Eurythmics
på radioen, I saved the world today.
Eg kan ikkje eingong redde ho
som er like ved meg, berre vera
her om det skulle bli bruk for meg.

Korleis takla du det, Annie Lennox,
da du fikk kreft, sang du berre vidare
på trass the bad things gone away?

Det finst ikkje nokon materie
som har høgare eigenvekt
enn sjukdom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar