(30. januar: Helvetetskartet)
Det kunne vori eit kart
over stjernehimmelen
med stjerntåker, supernovaer
og planetar, men det er eit kart
over helvete
med utflytande skyggar
av arrvev og kontrastvæske-
lysande tumorar
på eit CT-bilde av lungene.
Det kunne vori astronomen si glede
over dei fantastiske mulegheitene,
men det er onkologen sin tristesse
over framtidsutsiktene.
Vi lyttar, tause,
lærer og forstår og kapslane våre
har komi ut av bane.
Vi blir sugd inn
i kvart vårt svarte hol
mens bakkekontrollen kallar
og kallar og berre sporadisk
oppnår kontakt.
Det kunne vori eit kart
over stjernehimmelen
med stjerntåker, supernovaer
og planetar, men det er eit kart
over helvete
med utflytande skyggar
av arrvev og kontrastvæske-
lysande tumorar
på eit CT-bilde av lungene.
Det kunne vori astronomen si glede
over dei fantastiske mulegheitene,
men det er onkologen sin tristesse
over framtidsutsiktene.
Vi lyttar, tause,
lærer og forstår og kapslane våre
har komi ut av bane.
Vi blir sugd inn
i kvart vårt svarte hol
mens bakkekontrollen kallar
og kallar og berre sporadisk
oppnår kontakt.
Sterkaste eg har lese. Teksta lagar traktorspor i sjela mi.
SvarSlettJeg har en kollega som dreiv på og viset elevene kart over stjernehimmelen mens jeg dreiv på med noe anna i klasserommet. Plutseleg slo det meg at det likna veldig på CT-bildene av lungene til kona mi som vi så på hos legen i sommer. Fra himmel til helvete.
SvarSlett