(12. januar: Erkjenning)
Før kikka eg opp på stjernene
og visste kvar eg skulle av
om det var på umerka vidder
eller det opne hav.
No er det så tett med skyer
at no har eg nok med å sjå
meg om etter skjer og grunner
og stien eg vandrar på.
Eg vande meg til å bere
for andre som seig i kne,
eg har så mange å verne
som treng og fortener det.
Da først eg fekk jobb og hyre
da visste eg godt kor eg for,
men no treng eg hjelp til å styre,
ei hand på mitt ratt og ror.
For eg har blitt vant med å falle
for livet og slå meg stygt.
No treng eg at andre lyser,
eit fyr eller fakkel og lykt,
Før kikka eg opp på stjernene
og visste kvar eg skulle av
om det var på umerka vidder
eller det opne hav.
No er det så tett med skyer
at no har eg nok med å sjå
meg om etter skjer og grunner
og stien eg vandrar på.
Eg vande meg til å bere
for andre som seig i kne,
eg har så mange å verne
som treng og fortener det.
Da først eg fekk jobb og hyre
da visste eg godt kor eg for,
men no treng eg hjelp til å styre,
ei hand på mitt ratt og ror.
For eg har blitt vant med å falle
for livet og slå meg stygt.
No treng eg at andre lyser,
eit fyr eller fakkel og lykt,
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar