(27. januar: Time-out)
Vi la av oss kvardagshammen
og sjukdomsskrotten
og kledde oss i kjole og svart
dress. Time-out.
Middag for å feire
ein ny doktorgrad i studier
av det vonde i verda,
men for oss eit lite ormehol
mellom verkelegheitene,
ein relikt av gamle, arabiske tradisjonar
av akademisk og teoretisk form
og vi lytta til talane
og vi løfta glassa
og vi utveksla titlar
så vi ikkje skumpa
for mykje borti
kvarandre og skipla
dei statiske posisjonane.
Vi la av oss kvardagshammen
og stoppa tida.
I sekretariatet følger dei reglane
for spelet.
Snart bles dommarane
oss i gang att.
Vi har fått time-outen vår,
no står det berre om seier
eller tap.
Vi la av oss kvardagshammen
og sjukdomsskrotten
og kledde oss i kjole og svart
dress. Time-out.
Middag for å feire
ein ny doktorgrad i studier
av det vonde i verda,
men for oss eit lite ormehol
mellom verkelegheitene,
ein relikt av gamle, arabiske tradisjonar
av akademisk og teoretisk form
og vi lytta til talane
og vi løfta glassa
og vi utveksla titlar
så vi ikkje skumpa
for mykje borti
kvarandre og skipla
dei statiske posisjonane.
Vi la av oss kvardagshammen
og stoppa tida.
I sekretariatet følger dei reglane
for spelet.
Snart bles dommarane
oss i gang att.
Vi har fått time-outen vår,
no står det berre om seier
eller tap.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar