(24. januar: Han som går omvegar)
Eg er redd
døden, den langsame
døden, han
som har så god tid
at han kan halde seg ute av syne
og gå omvegar
og avvegar
for å koma fram, dit
som berre han har tenkt seg
utan store fakter tar han frå meg
ein etter ein av dei som har gått
saman med meg
når kvalmen krøker
ho og smertene skjer
og søvnen overmannar ho
ser eg meg rundt
for å sjå om det er han
som har kome fram
før meg, han
som etsar hol i landskapet
og viskar ut kartet
til eg står aleine
og har ingen stad å gå
utan han.
Eg er redd
døden, den langsame
døden, han
som har så god tid
at han kan halde seg ute av syne
og gå omvegar
og avvegar
for å koma fram, dit
som berre han har tenkt seg
utan store fakter tar han frå meg
ein etter ein av dei som har gått
saman med meg
når kvalmen krøker
ho og smertene skjer
og søvnen overmannar ho
ser eg meg rundt
for å sjå om det er han
som har kome fram
før meg, han
som etsar hol i landskapet
og viskar ut kartet
til eg står aleine
og har ingen stad å gå
utan han.
Jeg leser og leser, men har ikke så mye til svar. Det er ikke noe å si.
SvarSlettVille bare si at jeg leser.
Takk for at du leser. Det føles godt å nå ut til andre.
SvarSlett