Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





torsdag 31. mai 2012

215

(31. mai: Inne i seg)

Fil:Face-smile.svg

Ho er så glad
i dag, det er smilefjes
på cellegifttablettane

og det er sol over fjellet, sol
over vatnet, sol
over bygda, sol

over ho
fordi sjukdomen har stagnert
og ho dansar

inne i seg.

onsdag 30. mai 2012

216

(30. mai: Sjølvportrett)
























Eg ser ansiktet mitt
i den abstrakte skulpturen av stål.

På yta av den skakke kuben
dukkar eg fram

med nedslåtte auge, lang
i maska og med gretten geip.

Eg går inn i det sekstiande
året mitt og strir

med å halde meg hard
mot alt som tærer

vender ulike fasettar av meg sjølv
mot verda for ikkje å la meg fange

av nokon som trur
dei veit.

Dei blanke flatene mine speglar
litt av himmelen, men mest av sjøen

dei djupe furene speglar
stein og furustammer

men bankar du med knokane
på det harde skallet

kan du tru det er songen min
du høyrer ljomen av

eller det kan hende du oppdagar
at eg er tom innvendig.

tirsdag 29. mai 2012

217

(29. mai:  Sensur)

Eg har tatt på meg
dommarhammen min,
dommarmina og dommarrynka
og let som om eg er blind

når eg gir dei dommen
som dei skal bera med seg
på eit papir
heile livet, rullebladet
dei aldri blir kvitt

og som framtida vil granske
med skeptiske miner
fordi ho går ut frå at eg
visste kva eg gjorde, eg
den objektive, den kunnige,
den rettvise, lærar og dommar
over den nye generasjonen

generasjonen som skal fø meg
om nokre år, som skal slite
og streve for utkommet mitt
når eg trekker meg attende
til opphøgd pensjonisttilvere
utan at nokon dømmer
gjerningane mine.

Tilgi meg ikkje,
eg veit
kva eg gjør.

mandag 28. mai 2012

218

(28. mai: Hingsteslepp)

Skogmoprinsen viser hoppene hva han har å by på


















Da eg vaks opp
var det eit skjellsord,
i dag er hæstkuk blitt ei heidersnemning,
men etter å ha vori
på ei mengd hingsteslepp
har eg eit tvetydig forhold
til omgrepet

for eg har sett
hingstane gjøre seg til,
sette brystet fram
og ta i mot spark
frå avvisande hopper
som løftar på halen
og blinkar sitt eige morsesignal:
kom og ta meg, kom
og ta meg, kom og ta
meg og så spenner dei bakut
så det søkk i oss
av medkjensle
med den stakkars hingsten

men han kastar berre på fakset
og er kar, skaftar ut
for å vise kva han har
å by på, veit at når hoppene
berre får sett kva for kar
han er, så er det dei
som byr seg fram
til slutt.

søndag 27. mai 2012

219

(27. mai: Trekkfuglsongen)

Kva skal det vera godt for
at trekkfuglar syng? Banale
sjømannsviser som dei akkompagnerer sjølve
på pipande belgar mens glørne brenn ut
i hjartet som gispar etter luft
mellom to fråverande rader
av tenner, pantsette i perlekjedet
til ein eller annan  innfødt
på ei eller anna einsleg øy
der Robinson mellomlanda på barkrakken
medan han venta på Fredag og pengar
heimefrå

ikkje fa'an om eg vil høre
på trekkfuglsongen, dei slår seg ned
på fuglebrettet mitt som eit egyptisk uår
og tømmer det for sol og sikke-frø
med akkumulert varme for vinteren sine trufaste
gråspurvar, dompapar og kjøttmeisar
med tabla, sitar og fløyter som lokkar fram
slangen i kvar mann sitt hjarte,
sleiker jentene i skrittet med kløyvd tunge
og legg att egga sine
i annan mann sitt reir

ko-ko, ko-ko,
berre for å lokke oss til å bade
før isen og gamle ordtak har gått
av moten, du kan berre spare deg
trekkfuglsongen og bestemme deg
for kjærleiken eller livet
for eg har innført skottpremie
på skadefugl.


lørdag 26. mai 2012

220

(26. mai: Cirrus, cirrus)

Eg løftar deg i veret: plukk
ein sky
til meg og la meg sveve

du er så lett,
men eg har føtter gjort av stein
og gleder gjort av ord

ops! eg mistar taket,
anten er det eg
som lettar eller du som fyk

din veg med ville vindar,
vent på meg,
eg må få med meg siste verprognose

og ein neve jord.

fredag 25. mai 2012

221

(25. mai: Den store Bøygen)

Lytefri dag,
gradestokken i fødebyen min
krabbar over tretti grader
og alle rørsler støyter
mot seig luft.

Ta livet med ro,
seier den store Bøygen
i Lodalen,
den store sommaren
tar alt med lempe
og eg tar alt med list
og synest eg kan unne meg
ein øl til.

torsdag 24. mai 2012

222

(24. mai: Pastorale)

Dette er dei gode
dagane, ikkje ei ripe
i lakken og sjølv treningsøktene
er ei dorsk glede
om sveitten svir i auga.

Hjorden min førebur seg
på eksamen i solsteiken
på plena, dynkar kvarandre med vatn
for å kjøle ned tankane
og ungdomeleg kåtskap
mens eg går sindig rundt
og formidlar kloke råd.

Til langt på kveld
sit eg på verandaen
i duften av spirea
og kirsebærblomar og les
Thomas Bernhard sine
misantropiske betraktningar
om livet.

Mennesket
er ein underleg skapnad.


onsdag 23. mai 2012

223

(23.mai: Gjennomvarm)

Plutselig sommervarme,
tjuesju grader og berget kjøler
speilbiletet sitt i fjorden.

Saman med rekved og rask
driv eg med straumen,
gjennomvarm av sol

og mild kveldsluft
mens skuldrene kviler
i hoftehøgd.

Så drar eg i startsnora
og rasar heim att
til ein ny arbeidsdag.

tirsdag 22. mai 2012

224

(22, april: Rav)
                                    Til Eli (1964-1978)

Kanskje var du ein nattsvermar
som sat og skjulte vengane
for lyset, falda
inntil barken og skyldskapen
med dei usynlege

nattefargane. Kanskje
var du dropen av kvae
som levra seg bittert som sorg
og hemn for eit ørlite stikk
i stammen som treet

i all sin velde aldri
kunne tilgi. Om du var fangen
eller fangaren,
så minnest eg deg
som begge.

mandag 21. mai 2012

225

(21. mai: Eg ventar på vinden og nytt heimefrå)

Når alt med vind i
tar bladet frå munnen
sitrar trea
som sladderkjerringar

med mykje nytt
dei må bera rundt: har de hørt?
har de hørt?...
over åsen og ned lia
og rundt fjorden

og hit til meg
som ropar: Hald kjeft!
og bles i alt.

søndag 20. mai 2012

226

(20. mai: Norefjord)


















Dette er min plass
i verda.

Eg står med ein fot
på moreneryggen
og ein fot
i fjorden

ei hand
kviler på snaufjellet,
den andre stryk skogsåsane
over det strie ragget.

Hovudet vender eg
oppover,
mot lys og skygge
og lar verkartet flakke
over ansiktet mitt.

Eg kom hit
som ein ukjend,
no kjenner eg alt
og alle og alt
og alle kjenner meg.

Ei stad inne i meg
finnest det, alt det
eg har vori
i alle desse åra.

Ein stad inne i meg
finnest det, alt det
eg skal bli. Livet
er visst ikkje ferdig
med meg, enno.

227

(19. mai: Retur)

Det er underleg
at det er så godt
å reise bort

men betre
å koma attende.
Resirkulert

kjem eg i retur,
annleis og fornya.
Eg har hastverk

med å koma tilbake
til dit eg reiste frå,
til hjartet sin magnetiske pol.

fredag 18. mai 2012

228

(18. mai: Restart)

Vi har halde fanen høgt,
vi har feira oss sjølv
og det vi har oppnådd.

Vi har gått med bringa
utapå kroppen
og hovudet i skyane.

Dagen etter
er ein trist dag.
Tom dag.
Det er berre å pakke ned
fanane og jubelen

eg famlar etter knappen
for motet
for å begynne på nytt.

229

(17. mai: Du vil ikkje sjå meg i auga)

Ein måseflokk lettar
og spreier seg
over heile himmelen
i det brottet
slår inn over skjeret.

Ein skarv sit att
og trur  seg usynleg
mot skumdrefset.

onsdag 16. mai 2012

230

(16. mai: Mindre)

Skifte fokus.
Blikket på stangbogen
og berre tenke
på praktiske ting.

Sjukdomen høyrer til
i ein annan del av hjernen
enn den som skrur
og monterer,
reknar ut
kor fisken står,
dreg han på land
og sløyar.

Å stå på eit skjer
ut i havet
gjør meg mindre
enn det er mogeleg
å vera.

231

(15. mai: På yttersida)

På yttersida
er havet ope,
det finst ingen grenser
berre hav og himmel.

Sjøborden snakkar
med seg sjølv,
mullar og mullar
med grov røyst.

På yttersida
finst det ingen grenser,
berre dei
vi lagar sjølv.

mandag 14. mai 2012

232

(14. april: Stiv kuling)

Brottet slår over skjeret,
slår langt inn over land
og syg
alt ut att.

Eg tør ikkje lenger
erte båra.
Eg veit kva ho tar,
eg veit kva eg har.

Livet
er meg alt for
kjært.

søndag 13. mai 2012

233

(13. mai: Macho-kist)

Gjennomblåst.
Med valne fingre.
Likevel søker eg ut
til sjøkanten
til vinden
til frosten
til fiskesnøret som skjer
kalde skiver av fingertuppane
til fiskegjellene som riv
strimlar av skinnet.

Spør du meg
har eg ikkje anna å seie
enn at det er sånn
eg er
mann, macho
og masokist.
Eg lever.
Og lever heile
livet.

fredag 11. mai 2012

235

(11. mai: Kunsten å pakke)

Eg likar å lage meg
pakkelister
når eg skal vera borte

personlege ting som toalettsaker,
praktiske ting som verktøy
upersonlege ting som PC
nyttige ting som kompass og kniv
og unyttige ting som videokamera
og samvitet.

Hensikten heilagar middelet.
Det er ikkje livet
eg pakka ned,
men eit førstehjelpsskrin
for ei tung tid

234

(12. mai: underveis)

Sakte stig dei kvite fjella
framom oss.
Vi har ein lang veg att
og ein lengre veg
bakom oss.

Vi skal over fjell,
ned i dalar, langs fjordar
og ut til havet.

Sakte søkk dei kvite fjella
attom oss.
No er det stengt
og det er berre lengten
etter å koma fram
som gjeld.

torsdag 10. mai 2012

236

(10. mai:   Gjennomskinneleg, som rav)

Gjennomskinneleg er livet
på slike dagar
når fragment av lys
fell over ansiktet ditt

du narrar meg til å tru
at denne klumpen av rav
er hjartet ditt

at du berre er
desse gyldne minna,
det levra sjølvbedraget

at du berre er
denne krasa insektsjela
med blinde fasettauge.

onsdag 9. mai 2012

237

(9.mai: Stor pike)

Ho skal vera aleine
for første gong.
Stor pike

må greie seg utan mann
barn og barnebarn,
berre med sjukdomen
som selskap.

Ho skal vera så aleine
at skyggane
krabbar fram frå vårdagen
og samlar all krafta
i dei svarte hola sine.

Ho skal vera aleine
for første gong
på eit halvt år.

Og eg skal vera
langt
borte.

tirsdag 8. mai 2012

238

( 8. april: Rekviem for Homo Ludens)



















Hjartet fell
og fell
lenger og lenger ned.

Det har dansa på skyane,
sprungi over åsane,
rent over med elvene.

No reiser jubelen
heim til seg sjølv,
og sorga er gleda

over å ha gitt noko
vidare og å ha lært
å leike igjen.

Ro, ro til fiskeskjær,
ro, ro,
til hjartet

finn fast grunn
under røttene.

mandag 7. mai 2012

239

(7. mai: Eventyr (På Langedrag med Fredrik))




















Alt er nytt.
Alt er første gang.
Verda er ein leik, ein sang
om hemmelege ting
det gjelder om å finne rette trylleord,
en sirkel er en magisk ring
der alt kan skje,
det gjelder om å finne det
som gjør en dunge jord
til fjell som skjuler skattar
som ingen før har sett.
Sjølv ikkje bestefar
som snart har levd i seksti år
har skjønt at alt blir annleis
om du ser med friske auge
på alle kjente dyr.
Det må ein fireåring til
for at han fattar
at sjølv om skolten snart er utan hår
så finnst det inga aldersgrense
for eit eventyr.

søndag 6. mai 2012

240

(6. mai: Ikkje så store ord)

Sol, vind og lepper bles.
Bles i tre.
Tre blåsarar.

Ein liten tone
for klarinett, obo
og fagott.

lørdag 5. mai 2012

241

(5. april: Leik)

















Latteren sit like laust
i hylsteret som vatnet
i tanken
på vasspistolen

eit lett trykk
på dei rette punkta
og fontenene fyller stilla
med glitrande søyler
av uforstilt glede

eg har gått lenge
i skumringstimar
og over karrig fjell

no ser eg regnbogen skinne
i strålen frå vasspistolen
og supar i meg livet
frå oppkommet av latter
og leik.

Eg er ein priviligert mann
med tilveret fylt
av eit leande barnebarn
ein dansande hund.

fredag 4. mai 2012

242

(4. mai: Det ser ut til vera eit anten både eller og)

Eg forstår
at eg ikkje kan forstå
fordi eg er mann
og menneske
heilt ut i fingetuppane.

Eg forstår
av instruksjonsboka
at tenninga vil brenne opp
på sterkstrøm,
at bruk av tolv volt
er eit vilkår.

Med ombygde kretsar
føler eg meg fram
etter gnist til du tar
etter tenninga og eg forstår
korleis eg skal få deg i gang

ikkje fordi eg er mann
og menneske
men som eit elektronisk
måleinstrument.

torsdag 3. mai 2012

243

(3. mai: Og Narcissus sa:)

Torstein Rittun: Narcissus
























Fåfengt kjærleik
ser berre seg sjølv
i auget til elskaren

slik som mennesket
gjentar storverket sitt
i kvar fasade av glass

kneler eg ved bekken
for å klone ansiktet mitt
i kvar drope som renn forbi

for å gjøre havet til ein storskjerm
skapt av mitt bilde
og kvar regndrope befruktar jorda

med meg. Og eg såg ei ny jord
stige opp som ei discokule
med tusen fasettar og ein misjon

gå ut
og gjør alle menneske
til meg.

onsdag 2. mai 2012

244

(2. mai: Under ein stein)

Under ein stein
finst det friske vatnet,
den blanke strengen
ned i det samantrykte djupet

kan ikkje vera rom
for noko så mjukt
i steinen, i den hardstappa
tanken.

Under stein etter stein
etter stein: berre mørker
og maurgangar og bol
der den aulande draumen iherdig ber
dei kvite egga sine lenger inn
i det sprukne kraniet.

Etter ein heil dag,
når lengten etter ein dråpe
er større enn all tørst,
er det kanskje det
alt dreier seg om

å løfte den eine steinen,
legge seg audmjukt på kne,
opne leppene og bryte hinnene
mellom tilvera

i den første solstrålen glitrar
sanden på botn.

tirsdag 1. mai 2012

245

(1. mai: Touch & go)

foto: Frank Robert Pettersen



















Berøring er eit farleg stunt.
det luktar blod
og smerte og smakar
skarpt og salt

ein knivsegg eller ei ormetunge
varslar at no
trenger tennene
gjennom huda

no tømmer kjertlane
all gifta si, rotenskapen
sæden sin, i det raude
friske kjøttet

blir det svarte, sjuke
der blodet og tankane levrar seg
i høgre eller venstre hjartekammer,
låser døra

og kastar nøkkelen.
Her er ingen heime,
men eg øver og øver
på Askeladden sitt berømte  trick

med grauten og nisteskreppa,
lurer trollet til å forsøke
den tilsynelatande ufarlege
berøringa

av knivspissen og smerten,
det dødelege
stuntet.