(21. januar: Nattegjest)
Søvnen er ein sporadisk
gjest, stikk innom
som snarast
sansar ikkje, dansar
ikkje, ansar han ikkje
før han plutseleg er borte
har sett døra på gløtt
så draumane aular inn
med alt pikkpakket sitt, alt
juggelet og alle dei øydelagte
dagane. Av og til
kjem han att, feier dei ut
og set seg stilt
på sengekanten
enkelte gjester er meir velsedde
enn andre.
Søvnen er ein sporadisk
gjest, stikk innom
som snarast
sansar ikkje, dansar
ikkje, ansar han ikkje
før han plutseleg er borte
har sett døra på gløtt
så draumane aular inn
med alt pikkpakket sitt, alt
juggelet og alle dei øydelagte
dagane. Av og til
kjem han att, feier dei ut
og set seg stilt
på sengekanten
enkelte gjester er meir velsedde
enn andre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar