(19. januar: Jordfeil)
Eg lir av jordfeil
for midt i Leopold Bloom si vandring
gjennom Dublin og livet sitt
eller ei utlegging om forskjellen
mellom mediepositivisme
og mediedeterminisme slår eg over
på båtpuss og fjelltur
og om ho greier å få dusja
før ho må legge seg nedpå igjen
og eg lir av himmelfeil
for mens eg går morgonturen
med hunden min tenker eg gjennom
artikkelen om IKT og autentisk
situert læring og lagar
eit dikt
det er ikkje lett å vera
der ein er.
Eg lir av jordfeil
for midt i Leopold Bloom si vandring
gjennom Dublin og livet sitt
eller ei utlegging om forskjellen
mellom mediepositivisme
og mediedeterminisme slår eg over
på båtpuss og fjelltur
og om ho greier å få dusja
før ho må legge seg nedpå igjen
og eg lir av himmelfeil
for mens eg går morgonturen
med hunden min tenker eg gjennom
artikkelen om IKT og autentisk
situert læring og lagar
eit dikt
det er ikkje lett å vera
der ein er.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar