Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





søndag 30. september 2012

93

(30. september: Trøyst meg)

Trollveggen

















 
Hold meg og skjul mine sår,
de er ingen ting å være redd for.
 
Ole Paus
 

Eg er redd
for opne plassar
og for lukka rom.

Når eg skal gå over
den steinlagte plassen med fontenene
og dei sommarblide menneska,
går eg med husveggane langs ryggen,
ingen bak meg.

Når eg kjem inn i eit lite rom
set veggane seg på lungane mine
og klemmar lufta ut av dei.

Eg gruar for å løfte telefonen
og ta den samtalen
eg lengtar etter.
Eg har klister på leppene
og berre orda mine
å forklare meg med.

Det knyt seg i magen
når eg kjen først til eit møte
for då ser dei meg
dei som skal føre ordet
og eg snublar i dørstokken
når eg kjem for seint og alle
hovuda snur seg og alle auga.

Eg er redd for lyset
og for mørkret
for lyset blendar meg
og mørkret blindar meg.

Eg skvett ved brå lydar
og lyttar stivt i stilla
etter lydar eg håpar
ikkje er der.

Eg fryktar englar
og demonar for eg er redd
for å sovne inn og vakne
i eit evig brennande hus
eller med himmelsk rettvise
i hovudet.

Men trøyst meg,
likevel, det er det einaste
eg treng.

lørdag 29. september 2012

94

(29. september: Klargjering )


















Haustsola
skrevar stuttføtt
over åsen

samlar saman
restane av sommaren.
sopar

det gule og raude
i store dungar
og klargjer jorda

for neste år.
Til slutt tørkar ho over
med ein kvit klut. 

fredag 28. september 2012

95

(28. september:  Det vi ikkje veit noko om)

Bitihorn i den første høstsnøen


















Uskyld
er det vi ikkje veit
noko om

truskyld
er det vi ikkje vil vita
noko om

forlat oss vår truskyld
som vi og forlet
våre uskyldige.

onsdag 26. september 2012

96

(27. september: Middagsmåne 1)

Middagsmånen
skulle ikkje vori
her

middagsmånen
skulle vori på den andre sida
av jorda, der det er natt
for å skinne for dei
som ikkje har anna lys

middagsmånen heng
over himmelranda i nord,
nektar å gå ned,
det er mørketidsdag
og vi har ikkje anna lys,
vi heller.

97

(26. september: Mens vi ventar)

Mens vi ventar
gjer vi alt
det andre

det som ikke er nødvendig
men kan vera greit
å ha gjort

når vi har gjort det,
set vi oss ned
og pustar på

men får ikkje luft
så vi finn på noko anna
å gjera.

Det er om å gjera
å lage seg
eit høveleg liv.

tirsdag 25. september 2012

98

(25. september:  Her eg er )

07.15: Soloppgang over Nærøya


















Opp frå ein gammal kirkeruin
stig sola
og lagar eit glasmaleri
under ein uendeleg kvelving.

Ein mosaikk
av reine fargar silar sollyset
gjennom dagen.

Det er hausten
som står opp
av det fullstendige mørkret
og viser meg
kor ufatteleg vakkert
det kan vera
her eg er.

mandag 24. september 2012

99

(24. september:  Pusterom)

Nærøysundet 24.09.12























Han har ramla i daudstilla.
Uveret har feia gamle skuldingar
og logiske feilslutningar
på havet.

Eit pusterom
i stormen sitt auge,
tid til å bardunere det viktigaste
fast til berget og livet
før hauststormen fer med det
for godt

eller stenge meg inne
og håpe på det beste.
Det er mitt valg.