(1. desember: Advent)
Mens vi ventar
på eit nytt liv
får Ventemannen nøye seg
med å leve i livet han har
finne seg i at nissane
myldrar fram i sjukehuskorridoren
mens Maria frå Mjøndalen
rettar på hijaben
og vaggar fram
på veg til barselsavdelinga i herberget
forbi CT- og MR-røntgen
der Ventemannen sit i dvalemodus
og framsynte flagrar dei Vise Menn
rundt i kvite kappar og leitar med stetoskop
og strålesyn etter teikn til liv.
Ventemannen måkar seg ei råk
gjennom uendelege korridorar,
nysnø og handlegater og håper
han held ut til livet går vidare
på den andre sida av jul.
på eit nytt liv
får Ventemannen nøye seg
med å leve i livet han har
finne seg i at nissane
myldrar fram i sjukehuskorridoren
mens Maria frå Mjøndalen
rettar på hijaben
og vaggar fram
på veg til barselsavdelinga i herberget
forbi CT- og MR-røntgen
der Ventemannen sit i dvalemodus
og framsynte flagrar dei Vise Menn
rundt i kvite kappar og leitar med stetoskop
og strålesyn etter teikn til liv.
Ventemannen måkar seg ei råk
gjennom uendelege korridorar,
nysnø og handlegater og håper
han held ut til livet går vidare
på den andre sida av jul.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar