(3. desember: Gammal frakteskute)
Ventemannen går i ballast,
dei tomme tankane
er fylt med ureint vatn
frå førre hamn
veit ikkje kva han fører med seg
til heimehamna av mikroorganismar
og framande artar,
ventar på svar
ventar på ny last
og deklarasjonspapir
han skal føre med seg
i kyst- eller langfart
veit ikkje kva
han skal føre vidare,
men fryktar mest av alt
å bli lagt i opplag.
dei tomme tankane
er fylt med ureint vatn
frå førre hamn
veit ikkje kva han fører med seg
til heimehamna av mikroorganismar
og framande artar,
ventar på svar
ventar på ny last
og deklarasjonspapir
han skal føre med seg
i kyst- eller langfart
veit ikkje kva
han skal føre vidare,
men fryktar mest av alt
å bli lagt i opplag.
Mens vi venter på prøvesvar - igjen.
SvarSlett