(22. desember: Når du treng meg)
Eg treng eit tankekart-
program over hjernen min
for å finne tilbake
til neste tanke
fordi den førre glapp
i det eg tenkte han,
eg treng ein draumekart-
applikasjon over sjela mi
for å navigere
mellom dei forvirra kjenslene
som heimsøker meg
om nettene
eg treng ein kaos-
pilot til å styre tankane
og kjenslene gjennom rom
og tid så eg kan vera til stades
når du treng meg.
program over hjernen min
for å finne tilbake
til neste tanke
fordi den førre glapp
i det eg tenkte han,
eg treng ein draumekart-
applikasjon over sjela mi
for å navigere
mellom dei forvirra kjenslene
som heimsøker meg
om nettene
eg treng ein kaos-
pilot til å styre tankane
og kjenslene gjennom rom
og tid så eg kan vera til stades
når du treng meg.
Splitta, det er vanskelig å samle tankene og følelesene når vi har fått så tunge svar. Likevel må vi konsentrere oss om å få livet til å fungere videre.
SvarSlett