(16. desember: Siste dag i ventetida)
I dag er det dagen
før dagen, siste dag
i ventetida.
Ho er så spent,
ho vakar seg gjennom nettene
og går rundt seg sjølv
for å finne på noko
å gjøra og glømmer
kva ho gjorde
før ho er ferdig.
Vi ventar på frelse
eller fortaping.
I morgon
får vi svar på prøvene.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar