(28. desember: I trass)
Greinene bøyer seg
for snøen,
dei kviler ikkje,
dei spenner i mot
av alle krefter
men maktar ikkje
reise seg opp utan hjelp
frå vinden, den arge,
so flyttar på alt
som er rotlaust.
Greinene bøyer seg
til buen brest
eller ristar av seg børa
og rettar ryggen
så høgt det går.
Dei som ikkje greier det
blir liggande, men skyt nye skudd
på den gamle stammen.
Det er ingen ting
som gjør seg sjølv.
for snøen,
dei kviler ikkje,
dei spenner i mot
av alle krefter
men maktar ikkje
reise seg opp utan hjelp
frå vinden, den arge,
so flyttar på alt
som er rotlaust.
Greinene bøyer seg
til buen brest
eller ristar av seg børa
og rettar ryggen
så høgt det går.
Dei som ikkje greier det
blir liggande, men skyt nye skudd
på den gamle stammen.
Det er ingen ting
som gjør seg sjølv.
På vei heim i går stod trærne bøyde av snøtyngda, men da vi nærma oss Norefjord tok vinden tak og feia dei reine. I morges stod de snøfrie og nesten like rette som før.
SvarSlett