Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





onsdag 5. desember 2012

27

(5. desember:  Førjulsvinter)

 
Nei det er ingen UFO som har hekta seg opp i furukronene men eg og hodelykta mi på morgonturen. Vi flakkar med blikket mellom krattskogen og ei råk av svart himmel. Den renn så sakte av stad mot dag og frys til eit lokk av is over oss der lyset mitt blir absorbert av det alminnelege ingenting men likevel skal eg gå vidare som om ikkje noko har hendt ut til spissen av moreneryggen der isen på fjorden møter isen i himmelen. Og så går eg tilbake.

Og nei det er ikkje julenissen og Rudolf berre eg på kveldsturen min i femten minus med frostraud nase og rim i skjeggstubben og langt nedetter brystet for sjølv om det nærmar seg jul og høgdepunktet for ankomsten av overjordiske vesen og dei underjordiske finn på så mange spik som muleg misunnelege som dei er og lite nøgde med berre eit usselt grautfat så

er eg berre eit jordisk vesen for eg erkjenner at eg er eit identifiserbart subbande objekt og det nærmaste eg er ein julenisse er at eg handlar julegavene på det utanomjordiske nettet og sender dei med fly til dei som bur lengst unna. Nei eg får nøye meg med å vera feilvare og stort sett har eg nok med å nå fram til dei som er like attmed meg med små gaver og tilby meg å lyse veg med hodelykta mi om nokon skulle trenge hjelp til å finne den jordiske stien sidan reinsdyra går på vinterbeite langt inne på vidda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar