(13. desember: Lussi Langnatt)
I natt
var alle vondemaktene ute,
reid draumane mine
med mara føre
og alle ufullendte gjerningar
etter med eit følge
av demonar og skyld
og anger, hånlo av meg
i den uendelege natta
og vekte meg med mine eigne rop
og eg blei liggande stille
for lytte etter pusten din
før å høre om du fekk fred
for Åsgårdsreia si ville ferd
over verda, men det einaste eg hørte
var dei redde draumane mine,
og da eg stod opp
og gjekk morgonturen min
hørte eg dei synge Luciasangen
i barnehagen og var takknemlig
for at det enno er nokon
som ikkje veit
at dei har gjennomlevd
nok ei Lussi Langnatt.
I natt
var alle vondemaktene ute,
reid draumane mine
med mara føre
og alle ufullendte gjerningar
etter med eit følge
av demonar og skyld
og anger, hånlo av meg
i den uendelege natta
og vekte meg med mine eigne rop
og eg blei liggande stille
for lytte etter pusten din
før å høre om du fekk fred
for Åsgårdsreia si ville ferd
over verda, men det einaste eg hørte
var dei redde draumane mine,
og da eg stod opp
og gjekk morgonturen min
hørte eg dei synge Luciasangen
i barnehagen og var takknemlig
for at det enno er nokon
som ikkje veit
at dei har gjennomlevd
nok ei Lussi Langnatt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar