(8. desember: Vintersol)
Ho har tint
eit lite hakk
i snøfjella
skin på oss
ei kort, smertefri stund
når tabletten virkar
men maktar ikkje
å gjøra noko med isen
på fjorden.
Trøsta får vera
at sjølv i mørkret
held den svarte straumen
råka open
så himmelen aldri
blir heilt borte her nede
og julepyntar trea langs fjorden
med frostrøyk
så ho har noko
å glitre i
neste dag ho kjenner seg
sterk nok.
Ho har tint
eit lite hakk
i snøfjella
skin på oss
ei kort, smertefri stund
når tabletten virkar
men maktar ikkje
å gjøra noko med isen
på fjorden.
Trøsta får vera
at sjølv i mørkret
held den svarte straumen
råka open
så himmelen aldri
blir heilt borte her nede
og julepyntar trea langs fjorden
med frostrøyk
så ho har noko
å glitre i
neste dag ho kjenner seg
sterk nok.
En time sol i dag. Ei kort smertefri stund. Livet er mangfoldig.
SvarSlett