Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





Viser innlegg med etiketten middagsmåne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten middagsmåne. Vis alle innlegg

søndag 30. desember 2012

2

(30. desember: Saltrosehagen)

 
Eg dyrkar saltroser
i vinterhagen,
dei veks med frosten,
den rå eimen av gråt
i lufta og snoen.

Eg feller ikkje vinterpelsen,
han blir berre lenger
og lenger
og dempar slaga
mot det firkanta hjertet

som hakar seg fast
i små ting.
Året har vrengt nattsida ut
og saltrosene gror
under middagsmånen.

Tidsrekninga skiftar namn
frå mørketidsår
til fimbulvinter.
 

torsdag 4. oktober 2012

89

(4. oktober: Middagsmåne IV)



















Middagsmånen er bleik og fjern
men smiler

så forunderleg lunt.
Der eg veit det er

krater og raviner på yta
av stillheita sitt folkehav

ser eg smilerynker
og eit smilehol.

Når du er så langt borte
er språket ditt utan lyd.

onsdag 3. oktober 2012

90

(3. oktober: Middagsmåne III)



















Eg trudde det var lyst
om dagen og mørkt
om natta

midnattssol og middagsmåne:
ved verdas runde ende
held de dogmene for narr

det kjem ikkje til deg på trappa heime
med utsikt til nærmaste fjell
der sola teiknar ein fast bane

frå tind til nut til ås
mens månen luntar
eit halvt døgn etter

først når reisa di har bringa deg
til ytterkanten av livet
forstår du såpass.

tirsdag 2. oktober 2012

91

(2. oktober: Middagsmåne II)

...men Numedalsbanen blei nedlagt i 1989


















Middagsmånen gir ikkje den blinde
synet tilbake

middagsmånen gjer ikkje dag
til dag

middagsmånen er ei ulmande glo
frå eit einsleg bål nord i livet

held oss livet
frå mørkret.

onsdag 26. september 2012

96

(27. september: Middagsmåne 1)

Middagsmånen
skulle ikkje vori
her

middagsmånen
skulle vori på den andre sida
av jorda, der det er natt
for å skinne for dei
som ikkje har anna lys

middagsmånen heng
over himmelranda i nord,
nektar å gå ned,
det er mørketidsdag
og vi har ikkje anna lys,
vi heller.