(20. desember: Ein gong)
Ein gong, ein
gong
kjem kjærleiken
i livet ditt,
det er alt
og kjem han tidleg
tør du ikkje gripe han
fordi du trur det er
så mykje meir
og kjem han seint
tykkjer du
det blir for mykje bry
og ber han fare ein annan stad
nei, du vil han skal koma
når det høver deg
når du har roa deg
etter ungdommeleg ekstase
og etablert livet ditt
i gullramme så du kan sjå på det
og seie her, oppe til venstre
hadde det passa
med ein kjærleik,
ontrent der hjertet er
og kanskje kjem kjærleiken ein dag
og kikkar innom ramma di,
bankar på brystet ditt,
men seier: sorry, mate,
men her er det for lite plass
for meg og du irriterer deg
til døden over det bildet
som aldri blei
fullkome.
gong
kjem kjærleiken
i livet ditt,
det er alt
og kjem han tidleg
tør du ikkje gripe han
fordi du trur det er
så mykje meir
og kjem han seint
tykkjer du
det blir for mykje bry
og ber han fare ein annan stad
nei, du vil han skal koma
når det høver deg
når du har roa deg
etter ungdommeleg ekstase
og etablert livet ditt
i gullramme så du kan sjå på det
og seie her, oppe til venstre
hadde det passa
med ein kjærleik,
ontrent der hjertet er
og kanskje kjem kjærleiken ein dag
og kikkar innom ramma di,
bankar på brystet ditt,
men seier: sorry, mate,
men her er det for lite plass
for meg og du irriterer deg
til døden over det bildet
som aldri blei
fullkome.
Jeg blei kjent med kona mi i oktober 1979, fjorten dager etter flytta vi sammen og i mårra er det trettitre år siden vi gifta oss (ja, dere regner riktig, vi gifta oss etter to måneder). Kjærlighet kan bare være reservasjonslaus, og alle andre varianter skjærer seg på et eller anna vis sjøl om noen velger å holde ut et liv i misnøye. La dette diktet være en advarsel til alle dersom-viss-såframt-ifall......
SvarSlett