(24. desember: Jul)
I natt
har nissen vori her,
men den gaven
vi ønskar oss mest av alt
ligg ikkje under treet,
oss er ingen frelsar født,
knapt nok ein medisinsk
mirakelkur, det vi har fått
er ein sekk full av sorg.
Det er ikkje gråten
som gjør meg raudøygd,
det er avglansen
av den sola eg trur på
bak himmelranda.
Vi har ein einaste gave
som betyr noko;
at vi er saman
i mørketidslandet.
har nissen vori her,
men den gaven
vi ønskar oss mest av alt
ligg ikkje under treet,
oss er ingen frelsar født,
knapt nok ein medisinsk
mirakelkur, det vi har fått
er ein sekk full av sorg.
Det er ikkje gråten
som gjør meg raudøygd,
det er avglansen
av den sola eg trur på
bak himmelranda.
Vi har ein einaste gave
som betyr noko;
at vi er saman
i mørketidslandet.
Vi prøver å feire jul som vanlig. Men vanlig blir den likevel ikke. Heldigvis har vi barnebarn som har nok med å ta inn over seg alt som skjer. Bestefar er litt stiv i ryggen, men mye av tida blir tilbrakt på golvnivå. Kona mi er enestående flink til å nyte jula. Av og til får jeg dårlig samvittighet for at jeg ikke greier å gå meir opp i feiringa.
SvarSlett