(9. desember: Søndag)
Det snør
søndagssnø utan ein lyd,
dempa rekonvalesens
etter dagens dose medisin
og julebordet
med gode venner i natt.
Det snør
og eg måkar tunet.
Det snør
og vi slår ikkje på
verken radio eller TV.
Det snør
og vi har minnebrikka full
av dei gode samtalane
og unner oss ein søndagspause
frå all lyd.
søndagssnø utan ein lyd,
dempa rekonvalesens
etter dagens dose medisin
og julebordet
med gode venner i natt.
Det snør
og eg måkar tunet.
Det snør
og vi slår ikkje på
verken radio eller TV.
Det snør
og vi har minnebrikka full
av dei gode samtalane
og unner oss ein søndagspause
frå all lyd.
En fredelig dag. Ikke noe stress, ikke noe støy. Til å med snømåkinga gjør godt for hodet og skrotten.
SvarSlett