Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





lørdag 31. mars 2012

276

(31. mars: Verdas ende)

Eg har alltid hatt lyst
til å reise til verdas ende,
der landjorda tar slutt
og der det berre er hav
og himmel att.

Det tok meg mange år
å innsjå
at det alltid er nytt land
bortanfor det havet
og under den himmelen
eg ser

og at det ikkje finnest nokon stad
der eg kan sette meg ned,
kvile og seie: no
har eg sett alt

kvar gong eg kjem til ein odde,
eit nes, eit skag
som på eit framandt språk
betyr det som alle språk
har eit navn for
veit eg at eit nytt kontinent
ventar etter ein liten pustepause
frå det daglege strevet

at livet
ikkje er ei line
men ein ball
å halde balansen på.

fredag 30. mars 2012

277

(30. mars: Forvitring)

Orda mine forvitrar.
Utsett for sol og frost
flaknar dei av veggen
eg skriv dei på

med første regnskyll
forsvinn dei kvar til sitt
på Facebook og blogg,
i stikkrenner, avløp

noen går gjennom renseanlegg
før dei fer vidare
der dei ureine
blir att

men andre flyt vidare
med vilkårlege straumar
som blir sterkare
og sterkare

til dei når havet.
Dei tyngste blir avsett
i deltaet, rett ved land,
men dei finaste

dei lettaste svevar
langt, langt vekk.
Men til slutt søkk dei alle

til ein eller annan botn,
blir utsett for trykk og varme
og blir forsteina
i eit nytt mønster

eit nytt språk.
Og ingen vil nokon gong vite
at det var mine ord.

torsdag 29. mars 2012

278

(29. mars: Svartspett)

I heile vinter
har to svartspettar følgt meg
på morgonturen min.
Kri, kri, kri, skrik dei.
Dei flyg ut
frå armane mine
som svarte flak av sorg
som løsnar frå natta
og gøymer seg
i dei tettaste granene.

Kri, kri, kri, høyrer eg
i vårmorgonen, men det kjem ikkje
frå meg, eg ser dei ikkje
for dei har funni seg
eit rotnare tre å hakke
og hekke i
enn her hos meg.

Kri, kri, kri, seier dei,
vi gløymer deg ikkje.

onsdag 28. mars 2012

279

(28. mars: MOT)


















MOT til å leve
ut drømmane sine
på scenen står ungdommar
eg har kjent frå dei var små
og ein ungdom som kom
frå Afghanistan for to år sidan
og syng, spelar og dansar

MOT til å bry seg
når vi sit i ring i klasserommet
og alle skriv gode ord
om kvarandre og sender dei rundt
og kvar enkelt skriv
det viktigaste i livet sitt
på sidene på ein trekloss

MOT til å seie nei
ta sine eigne valg, ta av
frå konformiteten sin motorveg
og finne omvegane
der utsikten er unik
og dei kan stanse når dei vil.

Mens eg er saman med ungdommar
på konsert er ho på sjukehuset
for å starte på ny behandling
med cellegift. Ho har sin eigen veg
å gå, sine eigne bakkar
å klyve, det einaste
ho treng no
er ein ny utsikt og MOT
til å leve.

tirsdag 27. mars 2012

280

(27. mars: 113)



















Ho skriv holografisk
skrift med hjartet
todimensjonale prikkar
og streker
blir tredimensjonale hologram
som vender seg til verda
i eit uendeleg fargespekter.

Eg skriv morsesignal
i maskinkode med digtale prikkar
og streker
MAYDAY, MAYDAY,
SOS og sender naudmeldinga mi
i uendeleg tal ut i den virtuelle verda
i svart og kvitt

Vi er like desperate,
ho og eg,
men koden min
er det ingen som skjønar,
det er meldinga hennar
som når fram
til redningsfolka.

mandag 26. mars 2012

281

(26.mars: Fjorden, baby)


















Den blanke, blanke fjorden
speglar himmelen
og skjuler
djupet
er det alt
han gjør

du ser godt
ut, seier dei og føler
med meg, det må vera
hardt, eg greier meg,
seier eg
det er alt
eg gjør.

søndag 25. mars 2012

282

(25. mars: Seriestart)

Det er to slags bakrom
det eine er lukka og løynd
eit hemmeleg kammer der berre dei utvalgte
har adgang og døra er gøymd
bak passord og koder og magiske riter
og dei som trør inn der, slitne og herja,
får del i noko større, prisgitt
yppersteprestar og gudfedre

det andre bakrommet
er ope, den synlege flata
mellom motstandarane mine og målet
det sårbare punktet i forsvaret deira
hælen til Akilles
rommet som eg kan løpe inn i
for å putte ballen i kassa, slå spikeren
i kista, gjøre meg sjølv til helten
prisgitt den befriande pasninga
frå lagkompisen min

utan han er eg berre ein tulling
som vimar rundt utan meining
med målet, det hjelpelasuse byttet
for offsidefella.