Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





tirsdag 14. februar 2012

322

(14. februar: Splitta personlegdom)

Eg ber ein framand i meg,
ein som eg ikkje forstår,
ein som har ragg på bringa
der eg er sart og sår.

Eg ber ein framand i meg,
ein som er vill og spontan,
overberande, fordomsfri,
der eg er full av fa'n.

Eg ber ein framand i meg
kledd i ein dyreham
som ikkje lar seg tøyle
der eg er veik og tam.

Eg ber ein framand i meg,
ein som står rak og steil,
berre eg sluttar å famle meg fram,
kan eg til slutt bli heil.

mandag 13. februar 2012

323

(13. februar: Alltid i nærleiken)

Du veit at eg har vori
her når du ser trugesporet mitt
i utkanten av synsfeltet
og vinteren. Nei,
eg er ikkje alltid til stades
men eg er alltid
i nærleiken.

Når du ser ut i vintergryet
ser du at eg
har allereie vori her
og sjekka ver og føre
og liv og helse.

Du veit at eg er den
som aldri søkk heilt til botns,
eg flyt oppå
dei djupaste drivene
for eg veit korleis
eg skal ta meg fram
gjennom vinteren
og nattemørkret med truger
og hodelykt.

søndag 12. februar 2012

324

(12. februar: Det lille livet)

Eg går med livet
i lomma,
har det alltid med meg,
men har ikkje tid
til å ta det fram
kvar dag

halde det i hendene,
kjenne litt på det
og seie: jøss,
du er eit fint liv,
eigentleg, lite
men lunt.

lørdag 11. februar 2012

325

(11. februar: Det daglige helvete)

Det skal så lite til
før smertene er tilbake
på scenen, eit sårskift
som skiplar slangane
er nok

smerten sagar sakte
med den sløve eggen
att og fram mellom dei avskorne
nerveendane, og den spastiske dokkeføraren
rykker i nervetrådane
og lagar stramme grimaser
og med buktalarstemmen
hermar han etter den trøysteslause
vinden og når medisinen

har avslutta forestillinga
sit publikum rådville,
for dei liker ikkje
det dei har sett.

fredag 10. februar 2012

326

(10. februar: Melankolsk monster )














Eg er den Avskyelege
Ektemannen, eg luskar rundt
i utkanten av sjukdomssoga
og set store, utydelege spor
men meg får dei berre
eit glimt av

eit melankolsk, mytologisk
monster, ei hufse som dukkar opp
utanom visitttidene,
pustar frost og depresjon
så alle skuttar seg
sjølv om dei ikkje ser meg
der eg går i eitt
med den slitte malinga

før eg forsvinn
ut på dei vide vegane,
blir borte i mengda
og einsemda

men alle veit
at eg er blaut om hjartet
og gret fullendte dikt
når eg gret.

Eg er den Avskyelege
Ektemannen, han
som ikkje er til stades
når han trengs, men dukkar opp
når han er uønska.






PS: Kjære bloggvenner og andre venner: Dette diktet handler ikke egentlig om meg, for jeg opplever å bli sett av dere i stor grad, og også av helsevesenet. Men jeg har i løpet av de siste åra fått høre om ganske mange som har det annerledes, så dette får være en påminnelse til oss alle om at det er mange som trenger å bli sett.

torsdag 9. februar 2012

327

(9. februar:  Nattleg reprise)

Det som er att av dagen
er ikkje større
enn at det rømmest
mellom hendene mine
i varmen av meg, ikkje større
enn at eg kan ta det med meg
inn på soverommet, opne vinduet
og om ein reisande ei vinternatt
kom forbi ville han kanskje sjå
eit lite dyr springe vekk
over snøen.

Så kan eg opne innsida
av auga og sjå bakover
på dagen og dagane og året
og åra og først når alt er sett
kan eg gå roleg inn
på den stille avdelinga
der kleda er kvite og stemmane
låge og den tomme stolen
ventar på meg.

onsdag 8. februar 2012

328

(8.februar: Gammal tørrpinn)



















Eg har lav i skjegget,
er beinskjør i kvisten,
har råte i ryggmargen, biller
i bringa og tyri
i tærne.

Eg har ei lavskrike
på skuldra, ein hakkespett
i hjartet og ei ugle
i skolten

så tru ikkje
at eg ikkje kan synge,
at det ikkje bankar her inne,
at eg ikkje har utsyn.

Og enn så lenge
er eg grønn
i toppen.