Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





tirsdag 7. februar 2012

329

(7. februar: Cellegift - ny runde)

Ho har angst
for sjukehus

dei siste fem åra
har ho vori innlagt på fire
av dei, behandla
av eit tjugetals legar
og pleia av eit hundretals
sjukepleiarar

ho har blitt skopert
i alle endar, har tatt utralyd,
MR, CT og lungerøntgen,
blodprøver og urinprøver,
fått skori bort delar av kroppen,
blitt drenert med rør,
brent med laser, drept
med gift
og behandlinga har vori,
etter tilhøva,
vellykka. Likevel

har ho angst
for sjukehus.

mandag 6. februar 2012

330

(6. januar: Om sin eigen akse)

Tankane har ikkje vori heime
i hovudet og kroppen har vori ute
av sitt gode skinn
i lang tid no.

Og dagane går
om sin eigen akse der dei sit
i godstolen og ventar
på nettene som ligg i senga
og søv.

Jorda spinn og rundt seg sjølv,
og her på våre breiddegrader
rasar vi austover
med to hundre meter
i sekundet. Ho

flyttar seg ikkje,
ventar på at tankane 
skal gå i seg sjølv.

søndag 5. februar 2012

331

(5. februar: Ny dag. Nye vanskar)

Langt heimefrå. Uvant seng.
Berre ukjente som eg skal føle meg fram blant.

Ny dag. Nye vanskar.
Det er alltid noko som ikkje virkar

som det skal, smertene som er der
likevel, drenet som lek

så eg ringer heim for å høre
kva som har gått galt

no. Nei, eg kan ikkje
koma heim.

Eg er ein blind mann og peivar
rundt meg med stokken

tolkar berøringa med hjartet og håpar
eg ikkje knuser noko.

lørdag 4. februar 2012

332

(4. februar: Noen ganger er det ålreit)

Leie på ein motvillig
dølagamp. Det er sånn livet er,
av og til, men tankane mine
er bare her

og ikkje hos andre
vanskelege ting, her
hos seks hundre kilo hest,
seks hundre dampande, prustande
kilo som slenger meg til himmels
om han vil.

Og dette skal eg tøyle,
dette skal eg vise
frå si beste side.

Han kastar på fakset
mens dommarane mumlar
og klør seg i skjegget
og drøftar framdrifta.

Det er sånn livet er,
av og til, at det er andre
som dømmer oss
nord og ned.

fredag 3. februar 2012

333

(3. februar: Still-leben)

Åsane ristar av seg snøen
som ein raggete hund,
og luskar nedetter dalen.

Av og til trur vi at alt står stille
til vi ser oss rundt og oppdagar
at det er vi

som sirklar som kalde måner
i bane rundt vår eigen navle.
Vil du vera med

så får du stryke den raggete hunden
med håra
og henge på.

torsdag 2. februar 2012

334

(2. februar: Svanesangen)

Ein engel
har falle til jorda,
dungar med kvite fjør
ligg ved randa mellom land
og is og ein avriven
vengeknoke
med stive svingfjør har sopa
snøen før han stilna.

Det er vel reven
som har tatt ei sjuk
svane, men i desse tider
ville det ikkje forundre meg
om ein engel fall
til jorda.

onsdag 1. februar 2012

335

(1. februar: Eg snur kalenderbladet)















Hjartet mitt har vori på rømmen
ei god stund no,
stakk av
på grunn av omfattande omsorgssvikt
og bekymringsmeldingar
til hjartevernet
utan resultat.

Eg har ikkje hatt tid
til det, har hatt nok med å halde tankane
heime for dei er meir utagerande
og kranglevorne.

Da eg begynte å leite
etter det, fann eg små diktspor
og bekymra folk som sa
at dei hadde sett glimt av det
og at dei trudde
det ikkje hadde det så bra.

I morges fann eg det att.
Eg kjente det att i ein draum
om eit fiskevatn på vidda,
det rørte meg med ein fuktig hundesnute
og dukka fram på februarsida
av kalenderen med bildet
av gutten til bestefar
som blir fire år i morgon.

Og eg la meg godt inntil ho
og varma oss begge
før eg stod opp.