(6. januar: Om sin eigen akse)
Tankane har ikkje vori heime
i hovudet og kroppen har vori ute
av sitt gode skinn
i lang tid no.
Og dagane går
om sin eigen akse der dei sit
i godstolen og ventar
på nettene som ligg i senga
og søv.
Jorda spinn og rundt seg sjølv,
og her på våre breiddegrader
rasar vi austover
med to hundre meter
i sekundet. Ho
flyttar seg ikkje,
ventar på at tankane
skal gå i seg sjølv.
Tankane har ikkje vori heime
i hovudet og kroppen har vori ute
av sitt gode skinn
i lang tid no.
Og dagane går
om sin eigen akse der dei sit
i godstolen og ventar
på nettene som ligg i senga
og søv.
Jorda spinn og rundt seg sjølv,
og her på våre breiddegrader
rasar vi austover
med to hundre meter
i sekundet. Ho
flyttar seg ikkje,
ventar på at tankane
skal gå i seg sjølv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar