Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





lørdag 30. juni 2012

185

(30. juni: Underlege frukter 
(regjeringa seier nei til heroinassistert behandling av tunge rusmisbrukarar))

Det er ei lynsjing på gang,
vi hører det gjennom mørkret
og gløttar ut bak gardina
og der heng det ein og dinglar
i den næraste lyktestolpen,
gul av lampelys og gulsott
frå dei sprøytespissbetente årene
mens kikkaren vaskar hendene
og byr fram

underlege frukter

til sals på den frie marknaden.
Det er ei lynsjing på gang,
dødsstraffa blir iverksett
av han som kjenner livsangsten
på blikket, lat oss ta den jævelen
som pløyer marka med auga
før smitten sprer seg,
vi hører det gjennom hjernen
og ser inn av vindauget
og der flyt det ein i akvariet
med andletet ned og kikkar etter perler
med glassauge

underlege fiskar

på is i fiskehandlaren sin disk,
solidarisk med frosten der ute.
Det er ei lynsjing på gang
og kan han vente anna enn å fryse ihjel,
han som spring naken
utafor den stengte døra mi?
Tru ikkje at eg låser opp
om det bankar på
og bankar

underlege hjarte.

fredag 29. juni 2012

186

(29. juni: Han som ventar)

Eg ventar.
Eg ventar på at ingenting
skal skje og om noko
kom til å hende
er det mot min vilje.

Kan vi ikkje få fred
no, kan vi ikkje endeleg
få ein ferie som er fri
frå kvardagen?
Kan vi ikkje få ro?

Han som ventar
på noko
vondt
ber om å få vente
forgjeves.

torsdag 28. juni 2012

187

(28. juni: I skogen)

















Så stille
er skogen
at eg hører han suse
heile tida.

Regnet
sender små bekkar
gjennom den mjuke mosen
med meldingar
i gotisk skrift
der utefrå.

Vil berre nemne
at det er trea
som held himmelen
oppe.

onsdag 27. juni 2012

188

(27. juni: Sjølvmelding)

Før
hadde eg få
ord.

No har eg så mange,
eg har levd eit liv
av og med ord, eg kjenner
byråkratspråket ut og inn,
dei lange bortforklaringane og digresjonane,
eg eig det litterære språket
med alle metaforane og allusjonene
for tankar, kjensler og draumar
eg nyttar monologen sin egotrip
om mine eigne oppdagingsferder
gjennom orda sitt ingenmannsland
eller i desperat flukt
over dei kvite flekkane
på arket, men når eg til slutt
skal oppsummere det heile,
har eg berre dette att

Det
var det.

tirsdag 26. juni 2012

189

(26. juni: M        (til Marius))


På den smale vegen
møttest vi, eg i full fart
midt i faret,
du tusla tankefull
langsetter grøftekanten

valde å vike,
drog deg attende
til vi blei ståande
side ved side

der det stod M
for møteplass. Eller
menneske? Der

var det rom
for oss begge.

190

(25. juni: Kjeldesortering    (til Hertha Müller)

Det er opphavet som bestemmer
kvar alle ting skal ende

eg har eit rom
for drikkekartongar og eit for tomgods,
eit for papir og for avfall
av organisk opphav, anna søppel
hamnar i restavfall

Det er opphavet som bestemmer
kvar alle ting skal ende

og kvar skal eg gjøra av
dei forfengelege tankane,
dei uoppfylte draumane,
dei ubrukte kjenslene
når kjelda
er livet sjølv

til så lenge
får eg la hjartedyret passe på
at dei ikkje rømmer sin veg
eller endar i restavfallet,
det som berre blir brent
på dynga.

søndag 24. juni 2012

191

(24. juni: Orakelet)
















Kva visste vel orakelet
i Delfi?
Ingenting

eller det heldt klokeleg kjeft
for året etter
at eg gjekk der og lytta

intenst etter sanninga
og skjebnen, blei eg
for første gong bestefar

og ho fekk konstatert
tarmkreft, men prognosane
var gode

for begge to.
No er han seks år
og mi største glede

og ho er mi største
sorg.