Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





onsdag 7. november 2012

55

(7. november: Novembersnø)

 

Fjærmyggen dansar
over novembersnøen

den misforståinga
blir den siste.

tirsdag 6. november 2012

56

(6. november: Bru )

Til Marius

Avgjerande timar: USA
vel president

og verda slit med vear.
Eg vedstår meg farskapet

sjølv om du er vaksen
og ikkje feirar dagen

fordi du skal på nattevakt.
Det er så mykje å passe på

i denne verda, det er så mange
som vakar i uro.

Den dagen du blei født
opna dei brua

inn til fastlandet
med korps og konge.

Enn om dei kunne feire deg
med å opne ei bru kvar gong.
 

mandag 5. november 2012

57

(5. november: Vi står han av)

Til Berit

Det er for mange som dør
utan å ha levd,
spist opp innanfrå
utan friskt mot
fordi livet levra seg
i hovudet, la si oppvaskrand
av gult feitt i hjartet

det er for lite kjærleik
i livet og i døden,
det iskalde regnet sløkker alltid brannen
etter lynnedslaget
mens dei buldrande skyane
rullar vidare og ausar misnøya si
over jorda så lausmassene
fløymer for livet
og pakkar seg saman
i samankitta konglomerat
i bakevjene.

Lev Livet Lidenskapeleg!
ropar ho og klatrar til topps
på havet, høgare går det ikkje an
å koma, og det kiler i magen
på tur ned i båredalen
før ho klatrar til topps igjen,
på høgd med himmelranda
seglar ho livsmotet sitt
ut på leiting etter hundreårsbølga
saman med alle dei som treng det
for å leva og ropar:
Vi står han av.

søndag 4. november 2012

58

(4. november: Eg ser)

Utsikt gjennom døra på Montebellosenteret























Eg ser.
Eg kan berre sjå.

Du bryr deg ikkje,
klagar du

når eg er taus
og: Du forstår ingen ting

glefsar du
når eg masar

for mykje. Nei,
eg forstår ikkje

men eg hatar sjukdomen din
og ville kverka

tentakkeldyret med mine eigne hender
om eg kunne.

Det eig ikkje kjensler
for vertskapet, men utnyttar

og utbyttar det okkuperte
territoriet Deg.

Eg er sjukepleiar, psykolog, kokk,
reinhaldar og sjåfør

men ikkje Bjørn Eidsvåg
eller Snåsakallen med kontrakt

med mystiske makter
så eg må lite på andre

som du må lite på meg.
Nei, eg forstår ikkje

men eg ser.

lørdag 3. november 2012

59

(3. november: Det siste ordet)


















Livet lar seg ikkje
målbinde. Eg har prøvd
med alle middel
men eg blir alltid
svar skyldig.

No spelar eg ut
trumfen: folk
eg har funni
på vegen hit
og same kva livet seier
svarar eg med ei historie
om nokon eg har møtt

og eg ser at det rører
ved livet, at det veiknar
i knea og veit eg har vunni
når det svarar
med mild røyst:
Det er det
livet handlar om.

Og får det siste
ordet.

fredag 2. november 2012

60

(2. november: Det er lys i den mørke tunnellen)
 


Nei, det er mørkt
som helvete
i den mørke tunnellen,
det er kaldt
og fuktig og ingen ting
viser veg.

Du føler deg fram,
du sansar
trekken frå opningane
men veit ikkje
om du går attover
eller framover.

Sakte venner auga seg
til mørkret, sakte
venner du deg til å sjå
at i mørkret er det noko,
men skal du finne vegen
må du fange opp refleksar
frå vatn og krystallar
som berre blir synlege
dersom du har lys
å gi.

Det er lys
i den mørke tunnellen
og det lyset
kjem frå deg.

torsdag 1. november 2012

61

(1. november: Ut)

 

For Kirsten som delte historia si med oss
 
Ho opna bein-
grinda
og gjekk ut.