Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





tirsdag 7. august 2012

147

(7. august: På vidda)























Det er det same  lyset
men nede i dalen
er det ein tøyeleg baldakin
spent mellom fjelltoppan

her er det den næraste
av dei sjuk himlane,
ein ferniss på firmamentet
ei hinne av lakk
som limar tilveret fast
til ingenting

her kan eg snu meg
i alle retningar
utan å snuble i anna
enn lyset.

mandag 6. august 2012

148

(6. august: Kvardagen)




















Den vesle smerten
grev umerkeleg bort fundamentet
for kvardagen.

Når det store raset
går er det fordi den vesle smerten
har endra vilkåra

for livet.
Om eg kjenner etter
er den der

men eg kan ikkje
kjenne etter. Eg har ein kvardag
å overleva.

søndag 5. august 2012

149

(5. august: Undersida av horisonten)



















Det finnest alltid
ei anna verkelegheit.
Ryggsvømmarbillen vandrar rundt
på hinna mellom vatn og luft

med ryggen mot det mørke
dynnet og buken
mot lyset.

På undersida av horisonten
jaktar han på bytte
i himmelen.

Den blinde veit ikkje
kva han ser
for livet med
eller utan sjukdom
er ikkje kompatibelt,
to program
som ikkje kan avkode kvarandre.

Ryggsvømmarbillen
bryr seg ikkje om
kva som er opp
eller ned, berre om
å vera til.

lørdag 4. august 2012

150

(4. august: Usårleg)

"Det var en flukt, og som alle virkelige flukter var det en flukt fra meg sjøl."
                                                               Asli Erdogan: Den mirakuløse mandarin


Eg reiser
for å finne
meg sjølv

eller reiser eg
for å unngå
å bli elska

for å forbli
usårleg.

fredag 3. august 2012

151

(3. august: Erfaring med smerte)




















Plastrar kneet
og albuen.
Du gret ikkje

sjølv om du tryna
på sparkesykkelen.
På seks år

har du lært deg
at smerte
er noko som går over

men krev handling.
Sårvasken svir
men hindrar infeksjon.

Deretter
blir alt berre betre.

torsdag 2. august 2012

152

(2. august: GPS)


















Finne beinvegen
til deg.
Global Positioning System
viser meg kor du finst
og gir meg to val:
kortaste
eller raskaste veg
til deg.

Det er slutt
på blindvegar, avvegar
og omvegar
og alle opplevingane
som tok tid
men gjorde meg
til den eg er.

Eg ser på den todimensjonale skjermen
og vel ein annan veg
i fleire dimensjonar.
Så får du heller leva med
at eg forandrar meg
og kjem litt for seint.

153

(1. august: Vegarbeidar)

Dei dukkar opp
av asfalten,
små, gule flekkar
som vi kjører lydig utanom,
ikkje av respekt
for dei, men av angst
for steinsprut, djupe hol
og utslett av nylagt asfalt
og riper i lakken.

Når det regnar
står dei nesten stille,
håpar at det skal vera rom
for dei mellom dropane,
men i gråveret
er dei fluoriserande
og lyser for seg sjølv
og oss som er tilstades
ein augneblink

til dei senkar armen
og med ei galant feiande rørsle
byr oss opp til dans,
men som dei alltid avviste kavalerane
dei er, vinkar dei oss vidare,
kastar eit hoverande blikk
etter oss før dei vender seg
for å stoppe
ny vegfarande

og utolmodige
hastar vi vidare
for vi skal så langt
og vi skal rekke så mye
og vi har overflod av alt
med unntak av tid.