(3. september: THE END)
SLUTT
stod det på lappen
på brystet til skiløparen
som tok meg igjen
i dei brattaste bakkane
i Østmarksrunden.
Eg hadde ikkje førestilt meg
at han skulle koma slik
eller sjå sånn ut,
så eg nekta å bryte,
smurte om og gjekk
for livet, prøvde å legge
så mange som råd
mellom meg og slutten.
Eg vart fjerde sist
i klassen min, men etter det
smører eg alltid etter ver
og føreforhold
og stiller aldri etteranmeldt
til start.
Likevel hender det
at eg gløttar over skuldra
når det klabbar
i dei brattaste bakkane.
SLUTT
stod det på lappen
på brystet til skiløparen
som tok meg igjen
i dei brattaste bakkane
i Østmarksrunden.
Eg hadde ikkje førestilt meg
at han skulle koma slik
eller sjå sånn ut,
så eg nekta å bryte,
smurte om og gjekk
for livet, prøvde å legge
så mange som råd
mellom meg og slutten.
Eg vart fjerde sist
i klassen min, men etter det
smører eg alltid etter ver
og føreforhold
og stiller aldri etteranmeldt
til start.
Likevel hender det
at eg gløttar over skuldra
når det klabbar
i dei brattaste bakkane.
Jeg har hørt det sagt at slutten kommer når du minst venter det, men at den skulle komme på denne måten, gikk jeg ikke med på. Jeg har meir tenkt meg den som på vedlagte bilde, "i livets høst", med lauvfall, rim i skyggen og nyis på tjerna. Når jeg lever så nært innpå kreftsjukdommen, er det ikke til å unngå at det blir en del tanker rundt emnet. Det hjelper ofte med sjølvironi og humor.
SvarSlett