(22. september: Innkalling til behandling)
Lenge, lenge har vi gått
på den brusteinslagte vegen
på leiting etter det endelege svaret
hos den store tollmannen i smaragdslottet
du kjøpte deg to par raude sko,
for du visste at vegen var hard
undervegs har eg sett meg i speilet
og møtt både fugleskremslet
blikkmannen og løva,
dei ynkelege følgesvennene dine
men akkurat i det den gule pila
har ført oss fram til høgda med utsikt
mot slottet i det fjerne
reiser vegen seg som ein bratt vegg
og slår meg i trynet.
Du tar meg i handa
og seier: det er berre ei synkverving,
vegen går her, beint fram
gradvis gir du meg mot til å tenke og føle
men eg maktar ikkje anna
enn å følge deg heilt fram,
nøkkelen heim må du finne sjølv.
Lenge, lenge har vi gått
på den brusteinslagte vegen
på leiting etter det endelege svaret
hos den store tollmannen i smaragdslottet
du kjøpte deg to par raude sko,
for du visste at vegen var hard
undervegs har eg sett meg i speilet
og møtt både fugleskremslet
blikkmannen og løva,
dei ynkelege følgesvennene dine
men akkurat i det den gule pila
har ført oss fram til høgda med utsikt
mot slottet i det fjerne
reiser vegen seg som ein bratt vegg
og slår meg i trynet.
Du tar meg i handa
og seier: det er berre ei synkverving,
vegen går her, beint fram
gradvis gir du meg mot til å tenke og føle
men eg maktar ikkje anna
enn å følge deg heilt fram,
nøkkelen heim må du finne sjølv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar