(12. september: Hundedikt II - Einmannshunden)
Einmanns-hunden slepper deg ikkje inn
dersom du ikkje er den rette.
Einmannshunden halsar
når du nærmar deg inngangsdøra
ei helsing,
ein trussel
er du modig,
har du eit trufast hjarte?
Einmanns-hunden knurrar
når han luktar deg i skrittet
bryr seg ikkje om
kven du seier du er
men om han lograr er du krona
til Kongen av Ingenting.
Heile natta jagar einmanns-hunden
månen av stad over himmelen
for at du skal få ein dag
du kan skinne i.
Votan, bestekompisen min i tolv år |
Einmanns-hunden slepper deg ikkje inn
dersom du ikkje er den rette.
Einmannshunden halsar
når du nærmar deg inngangsdøra
ei helsing,
ein trussel
er du modig,
har du eit trufast hjarte?
Einmanns-hunden knurrar
når han luktar deg i skrittet
bryr seg ikkje om
kven du seier du er
men om han lograr er du krona
til Kongen av Ingenting.
Heile natta jagar einmanns-hunden
månen av stad over himmelen
for at du skal få ein dag
du kan skinne i.
Votan var med meg overalt og med meg på alt i tolv år. Han var nok ingen enmannshund, men det var et spesielt bånd mellom oss to. Vi konkurrerte i lydighet og trente alle former for redningssøk, sommer som vinter. I tillegg var han turkamerat. Det var han som fikk øye på bjørnen vi møtte på søtti meters avstand, og han tråla skog og vidde med meg.
SvarSlett