(11. september: Hundedikt I - Melding)
Eg har funni ho!
Eg har funni
den eine, ho
eg har leita etter heile tida
i skogar, steinrøyser og ruinar, ho
som trong å bli funni
fordi ho aldri var heilt sikker
på vegen eller kledd for å overleva
soldagen i ørkenen
eller vinternatta på vidda
visst stokk ho
da eg kom brasande over vindfallet,
raggete og pesande, men ho skjønte
på sleikinga på handa og varmen i pelsen
at redninga var nær
om ho ville vente til eg kom tilbake
med fullt mannskap, varme og næring,
transport heimatt i staden for å flykte
lenger bort i utmarka
men det er ikkje alle som forstår
meldinga mi, songane og dikta,
bringkobbelet eg ber i munnen
for å fortelle at eg har gjort funn
venner, venner, sei det forløysande:
VIS!
La meg ikkje velge
mellom eit liv i utlegd
eller å ofre livet for dykk.
Sportrening med Polka |
Eg har funni ho!
Eg har funni
den eine, ho
eg har leita etter heile tida
i skogar, steinrøyser og ruinar, ho
som trong å bli funni
fordi ho aldri var heilt sikker
på vegen eller kledd for å overleva
soldagen i ørkenen
eller vinternatta på vidda
visst stokk ho
da eg kom brasande over vindfallet,
raggete og pesande, men ho skjønte
på sleikinga på handa og varmen i pelsen
at redninga var nær
om ho ville vente til eg kom tilbake
med fullt mannskap, varme og næring,
transport heimatt i staden for å flykte
lenger bort i utmarka
men det er ikkje alle som forstår
meldinga mi, songane og dikta,
bringkobbelet eg ber i munnen
for å fortelle at eg har gjort funn
venner, venner, sei det forløysande:
VIS!
La meg ikkje velge
mellom eit liv i utlegd
eller å ofre livet for dykk.
Så herlig! Polka mi ville bare finne "pappa" Ola. Derfor måtte han ligge i enden av sporet. Mine fantastiske trenere, Ronny og Wenche fra Flateby hundeklubb, hjalp oss så sporet ble vellykket :-) Gode minner <3
SvarSlettHilsen "mamma" Berit