(8. september: Sjøbordsong)
Vi som er født nedi fjæra
kan av og til og trenge trøst,
høyre at alt har ei meining,
mildt, med forsonande røst:
Vindsus og sjøbordsong,
rullesteinsmulling,
kulingkvin, båredur,
kjølvatnsulling.
Ingen kan tru,
andre enn du,
på livet i stamping og rulling.
Vi som er klora av kuling,
vi som er slengt på eit skjer,
treng at det letnar i havet
eit løfte om leveleg ver.
Vindsus og sjøbordsong,
rullesteinsmulling,
kulingkvin, båredur,
kjølvatnsulling.
Kjølen din skar
eit kortliva far
i havet i stamping og rulling.
Vi som har legi og trutna,
vi som er speka av salt,
treng å få vita at reisa
var mål for og meining med alt.
Vindsus og sjøbordsong,
rullesteinsmulling,
kulingkvin, båredur,
kjølvatnsulling.
Kursen var god
så lenge du stod
ved roret i stamping og rulling.
Vi som er født nedi fjæra
kan av og til og trenge trøst,
høyre at alt har ei meining,
mildt, med forsonande røst:
Vindsus og sjøbordsong,
rullesteinsmulling,
kulingkvin, båredur,
kjølvatnsulling.
Ingen kan tru,
andre enn du,
på livet i stamping og rulling.
Vi som er klora av kuling,
vi som er slengt på eit skjer,
treng at det letnar i havet
eit løfte om leveleg ver.
Vindsus og sjøbordsong,
rullesteinsmulling,
kulingkvin, båredur,
kjølvatnsulling.
Kjølen din skar
eit kortliva far
i havet i stamping og rulling.
Vi som har legi og trutna,
vi som er speka av salt,
treng å få vita at reisa
var mål for og meining med alt.
Vindsus og sjøbordsong,
rullesteinsmulling,
kulingkvin, båredur,
kjølvatnsulling.
Kursen var god
så lenge du stod
ved roret i stamping og rulling.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar