(20. september: Hundedikt VII - Bønn)
Ta på meg.
Bor fingertuppane gjennom dei strie
dekkhåra
inn til den mjuke
underulla. Eg kan ha is
i pelsen
men innerst inne,
innerst inne er eg varm.
Ta
på meg. Midt
i det mjuke finn du ein kul,
hard, øm, fylt av verk
og ei rift i skinnet
der kulda slår gjennom
til marg og bein.
Eg lever som ein hund
og har eit hundehjarte.
Eg er velsigna.
Ta på meg.
Bor fingertuppane gjennom dei strie
dekkhåra
inn til den mjuke
underulla. Eg kan ha is
i pelsen
men innerst inne,
innerst inne er eg varm.
Ta
på meg. Midt
i det mjuke finn du ein kul,
hard, øm, fylt av verk
og ei rift i skinnet
der kulda slår gjennom
til marg og bein.
Eg lever som ein hund
og har eit hundehjarte.
Eg er velsigna.
Det er ikke dikt og store ord vi trenger, men berøring.
SvarSlett