(4. september: Delete/angre)
Heldigvis
har dei for vane
å spørre ein gong til
er du sikker på
at du vil slette
alt?
Påfallande ofte
angrar eg meg
og svarar:
Avbryt
Eg er ofte av dei
som ikkje tenker
seg godt nok om,
ein av dei vankelmodige
av hjarte.
Det er godt
at livet er utstyrt
med angrefrist.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar