(30. oktober: Vi snakkar)
Vi snakkar oss bort
frå verkelegheita,
når ho bankar på
latar vi som om vi ikkje er heime,
for ho er den flinkaste jenta
i klassen og den sterkaste gutten
i gata. Å, vi snakkar
om mykje og mangt.
og vi snakkar med andre
om alt anna
enn verkelegheita,
men dei andre lever der ute
og vi snakkar meir
og meir med oss sjølv
om oss sjølv
og i staden for å lyse
når nokon treng til lys
blir vi svarte hol
som syg til seg all kraft
før vi imploderer.
Men vi kan la dei andre
fortelle oss
om verkelegheita, sette navn
på ho, farge og lys på ho
for ho gjer seg aldri
til noko anna
enn ho er. Kanskje
kan vi bli trygge nok
til å be ho inn
på kaffe og ein prat,
så ho ein dag
bankar på og spør:
Vil du koma ut
og leike?
Vi snakkar oss bort
frå verkelegheita,
når ho bankar på
latar vi som om vi ikkje er heime,
for ho er den flinkaste jenta
i klassen og den sterkaste gutten
i gata. Å, vi snakkar
om mykje og mangt.
og vi snakkar med andre
om alt anna
enn verkelegheita,
men dei andre lever der ute
og vi snakkar meir
og meir med oss sjølv
om oss sjølv
og i staden for å lyse
når nokon treng til lys
blir vi svarte hol
som syg til seg all kraft
før vi imploderer.
Men vi kan la dei andre
fortelle oss
om verkelegheita, sette navn
på ho, farge og lys på ho
for ho gjer seg aldri
til noko anna
enn ho er. Kanskje
kan vi bli trygge nok
til å be ho inn
på kaffe og ein prat,
så ho ein dag
bankar på og spør:
Vil du koma ut
og leike?