(13. januar: Sorga)
Sorga er alltid
med meg.
Når eg går mot lyset
heng sorga over dei som forsvann
att i mørkret
og klynkar:
bli
hos meg
i det som har vore.
Når eg går frå lyset
spring sorga over dei som forsvinn
føre og kviskrar:
gå med meg,
her
er vegen
til det ufattelege.
Berre når eg står
midt i gleda
kryp ho saman under føttene mine
og gjør seg usynleg.
Sjølv da står eg
på utrygg grunn.
Sorga er alltid
med meg.
Når eg går mot lyset
heng sorga over dei som forsvann
att i mørkret
og klynkar:
bli
hos meg
i det som har vore.
Når eg går frå lyset
spring sorga over dei som forsvinn
føre og kviskrar:
gå med meg,
her
er vegen
til det ufattelege.
Berre når eg står
midt i gleda
kryp ho saman under føttene mine
og gjør seg usynleg.
Sjølv da står eg
på utrygg grunn.